Spelemannen Tron Steffen Westberg har ved fleire høve vist at han i sine beste augneblink kan framføre musikk så sterkt at publikum blir rivne heilt med. Denne evna er kan hende eit fenomen som var vanlegare før; ikkje sjeldan kan ein lesa om spelemenn som kom så i ekse at folk blei redde og at fela måtte takast frå dei med makt. Tron Steffen Westberg er ein sjelfull musikar. Det handlar om ein kunstnarleg eigenskap som av mange blir rekna som det ypparste innanfor eit kunst- eller musikkuttrykk.
Alle som fekk med seg Tron si framføring av slåtten Nordafjells på Landskappleiken på Oppdal i 1999, vil truleg hugse denne framføringa resten av livet. Då var Tron så tent, og stemninga i salen var så elektrisk, at håret reiste seg på mange alt tidleg i slåtten. Tron gav alt. Applausen etterpå ville ingen ende ta, folk kjende at dei hadde vore med på noko stort. Tron sjølv var òg klar over at han fekk full klaff denne dagen. Å gje att ei slik magisk stemning på plate er derimot uråd. Dette er augneblinkskunst som fangar inn alle der òg då. Eit typisk kjenneteikn på store scenekunstnarar er dette; å greie å hente ut det aller beste framføre eit publikum.
Albumtittel
|
Bortover all vei ... |
---|---|
Utøver
|
Tron Steffen Westberg, fele |
Produsent | Jørn Simenstad, Morten Lindberg |
Katalognummer
|
2L-004-CD |
EAN13
|
7041888502821 |
ISRC-kode
|
NOMPP0202001-026 |
Disk 1
|
CD (Stereo RedBook PCM) |
Disk 2 | |
Utgivelsesdato
|
Mai 2002 |
Innspillingsdato
|
November 2001 |
Sted
|
Røros kirke |
Opprinnelig kilde
|
44.1kHz/24bit |